Våpentjuvar framleis på frifot:

18 våpen stolne frå skyttarlag

Politiet har fått lite tips etter våpentjuveriet på Vartdal og er framleis interessert i tips.

Innbrot: Skyttarlaget på Vartdal har hatt innbrot. Tjuvane fekk med seg to våpenskap med til saman 18 våpen.  Foto: Joachim Åsebø, Møre-Nytt

Nyheter

Tjuvane som fekk med seg ei rekkje våpen frå lokala til skyttarlaget på Vartdal, er onsdag framleis på frifot.

– Det har ikkje vore nokon storm med tips, og vi er framleis interessert i tips om saka, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til Sunnmørsposten.

Tysdag gjekk politiet ut og bad om tips i saka. Innbrotet må ha skjedd ein gong frå fredag klokka 15.00 til måndag klokka 11.39. Observasjonar også før og etter dette er av interesse for politiet.

Politiet gjekk først ikkje ut med kor mange våpen som var stolne, men Hjelle seier onsdag til Sunnmørsposten at det er 18 rifler som er på avvegar.

Tjuvane har teke seg inn i eit bygg som skyttarlaget eig. Der har dei fjerna to våpenskap med alt av innhald.


Tjuvar stal våpen frå skyttarlag på Vartdal

Tok med seg to våpenskap frå Vartdal Skyttarlag.

Tips oss
Ring, SMS, MMS til 95 400 400, epost til nyhet@smp.no.


Femten våpen stolne på Vartdal:

– Dette går ut over ungdomane

Måndag vart det oppdaga innbrot i lagslokala til Vartdal skyttarlag. Femten våpen har blitt stolne, og det går svært hardt ut over ungdomsavdelinga i skyttarlaget.