Startar kontor for lærlingar i tømrarfaget

Eit eige opplæringskontor for tømrarar blir no starta opp på Sunnmøre.

Oppstartsmøte: Framme f.v. lærlingane Kristian Gawinski, Mathias Brunstad og Sander Molnes. Bak f.v. Kenneth Goksøyr Enerhaug (Recover), Hallbjørn Sundgot (Handverksbygg), Lasse Sæbønes, (Recover), Petter Arnt Løvdahl og Kjell Gunnar Dalseth. 

Dei som tilset lærlingar har ofte ikkje tid til å følgje opp alt

Kjell Gunnar Dalseth
Nyheter

– Dei som tilset lærlingar har ofte ikkje tid til å følgje opp alt. No får vi eit opplæringskontor med spisskompetanse på tømrarfaget og lærlingane får den kunnskapen dei bør ha for arbeidslivet, seier byggmeister Kjell Gunnar Dalseth.

Han er leiar i Byggmesterforbundet på Sunnmøre og den som har teke initiativ til opplæringskontoret.

Med i region Vest

I går var lærlingar og byggfirma med på ei første samling i Volda, i det ein håpar fleire byggfirma ser nytta av.

– Vi har jobba med å få til dette sidan i vår, fortel Dalseth.

Byggmesterforbundet er bransjeorganisasjonen for profesjonelle byggefirma i Norge. Byggmesternes Opplæringskontor har fleire avdelingar rundt i landet. Og medlemene på Sunnmøre har bestemt seg for å gå inn i region Vest, med hovudkontor i Bergen og totalt rundt 400 tømrarlærlingar.

Fleire små firma

Dei har også avdelingskontor for Sogn og Fjordane i Stryn. Der er Petter Arnt Løvdahl dagleg leiar, og han skal også leie verksemda på Sunnmøre.

– Det er viktig å drive etter lova. Blant anna er det lovpålagt med halvårssamtalar for lærlingar. Dette passar kontoret på blir gjort. Vi ser også etter at kompetansemåla er følgde, og vi arrangerer eit 70 timar langt bransjelærekurs for lærlingar, seier Løvdahl og trekkjer fram klare fordelar med å gå saman med andre for å sikre spesielt den teoretiske delen av opplæringa i faget.

Det er mange små tømrarfirma med ein eller to lærlingar. Dalseth driv sjølv firma med åtte tilsette i Volda. Han har for tida ein lærling som han ønskjer å følgje godt opp.

– Eg har full jobb i firmaet og lite kapasitet til slikt ved sidan av. Løvdahl skal no ta ein del av dette arbeidet, seier Dalseth.

– Det er også sosialt for lærlingane å samlast, legg Løvdahl til.

Fleire inn i faget

Begge er også opptekne av å få fleire inn i faget.

– Yrkesfag aukar, og vi treng tømrarar. Vi ser at mange frå Polen pakkar sakene sine og reiser no, og det er viktig å få med lokale folk. Tanken med kontoret er også at vi kan få fleire lærlingplassar. Då vil også skulane få oppsving med fleire søkjarar, trur Løvdahl.

Kontoret er ikkje berre for dei som er med i Byggmesterforbundt. Også andre selskap er velkomne til å bli med.