Røykutvikling i bustad - truleg gummismokkar som gjekk opp i røyk

Utrykking etter tørrkoking i Ørsta.
Nyheter

Brannvesenet i Ørsta rykka laurdag ut etter at det kom melding om røykutvikling ved ein bustad.

Det viste seg at det ikkje var opne flammar og brann på staden.

Ifølgje operasjonsleiar operasjonsleder Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt tyder ting på at det var nokre gummismokkar som gjekk opp i røyk etter å ha vore gløymd på komfyren.

Ingen personar skal ha kome til skade.