Opnar sjølvbetjente kioskar på fleire av ferjene sine

Fjord1 stolar på svelekundane

Det er mest ærlege folk som reiser med ferje. Det trur Fjord1, som i år har opna 12 sjølvbetjente kioskar.

PENDLAR: Tore Eide, Sykkylven, pendlar nesten dagleg til Ålesund. Han har ikkje brukt å gå inn i ferjesalongen før. Men no reknar han med at det blir nokre kaffikoppar. Han synest den nye kiosken er eit bra og sosialt tilbod for passasjerane. 

Vi stolar på folk og trur at dei er ærlege

Olav Strømstad
Nyheter

– Kiosk om bord på desse skipa har vore eit etterlengta tilbod som mange har spurt etter.