Sjøfartsdirektoratet foreslår nye, skjerpa miljøkrav i verdsarvfjordane frå 1. januar 2019

Cruise-tungolje på veg ut av Geiranger

I god tid før komande cruisesesong, kan nye, skjerpa miljøkrav tre i kraft i verdsarvfjordane.

Geiranger: Det finst ingen skip i den storleiken vi snakkar om her som kan gå elektrisk. Dei første cruiseskipa som kan gå på LNG, altså fossil gass, er under bygging. Marin diesel er litt dyrare enn tungolje. – Det er ein kostnad cruiserederia må vere villige til å ta, meiner Jan Ivar Maråk.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Sjøfartsdirektoratet har sett i gong ny høyringsrunde og går no inn for å skjerpe forslaga dei la fram i vår. Dei siste forslaga vil innebere at ingen skip kan gå inn i norske verdsarvfjordar på tungolje. Heller ikkje bruk av eksosreinsing, såkalla scrubbing, vil vere lov. Dermed vert tungolje-fyring ved alle høve eit avslutta kapittel i Geiranger. Marin diesel er då einaste alternativ, slik den teknologiske situasjonen er no.