«Mærsk Mobiliser» frå Kleven blei døypt

Båten «Mærsk Mobiliser» vart levert frå Kleven Verft onsdag.

Gudmor Trine Munch Agerskov saman med kapteinar og offiserar frå Mærsk Mobiliser.  Foto: Kleven

Nyheter

«Mærsk Mobiliser» er det femte fartøyet i Starfish-serien på seks ankerhandteringsfartøy for Maersk Supply Services. Fartøyet vart døypt ved kai på Kleven Verft under ein seremoni leia av konsernsjef Olav Nakken. Gudmor var Trine Munch Agerskov,

Den nye båtens fire søsterskip, «Mærsk Minder», «Mærsk Master», «Mærsk Mariner» og «Mærsk Mover», utfører tenester som nedstenging av offshoreinstallasjonar (decommisioning), tauing og installasjon, i tillegg til forsynings- og ankerhandteringstenester.

«Mærsk Mobiliser» er av typen Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800m2, med 102m2 overbygd dekksareal i tillegg. Ho er også utstyrt med ein ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Mærsk Mobiliser har isklasse Ice 1A og er også forberedt for oljeoppsamling.

Det siste skipet i serien vil bli levert frå Kleven Verft i slutten av januar 2019.