Berga Sande-skular med knappast mogleg fleirtal

Skulane i Gjerdsvika og på Sandsøya får halde fram – nesten som før.

Berga: Gjerdsvika skule.   Foto: Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Kommunestyret i Sande ville ikkje legge ned Gjerdsvika og Sandsøy skule, og vedtok tysdag at alle skulane i kommunen skal helde fram.

Med 11 mot 10 røyster gjekk politikarane likevel inn for å ha felles leiing for Sandsøy og Kvamsøy, og 5. trinnet på Gjerdsvika skule, vert flytte til Gursken.

Det skal gjelde frå neste haust og evaluerast i 2020, ifølgje vedtaket som er lagt ut på kommunen si heimeside.


Vedtaket vart gjort etter framlegg frå Sande Høgre og tverrpolitiske Sande Vest. Mindretalet beståande av Ap, Frp, Sp og Venstre ville endre skulestrukturen ved å legge ned Gjerdsvika og overføre elevane til Gursken, og å oppretthalde Sandsøy til 2020.


To Sande-skular i fare

Det er lagt fram tilråding om å leggje ned skulane i Gjerdsvika og på Sandsøya frå neste haust.

Glede over at Sande-skular «overlevde» forslag om nedlegging

Gleda er stor på Sandsøy etter at kommunestyret i Sande utsette saka som omhandla framtida for skulen på øya.

 

Øyfolket i Sande slår ring – skule eller ingen ting

Grunnskuleelevane på Sandsøy og på Kvamsøy – to naturperler og lokalsamfunn heilt vest mot storhavet i Sande kommune – risikerer begge å få skulen sin lagt ned. Ferjefrakt på grensa til det lovlege er alternativet. – Vi skal kjempe imot med alt vi kan, lovar Kvamsøy-elevane Dina Støylen Ristesund og Vegard Skarmyr. Og mange, mange fleire.

Ligg an til at skulane i Gjerdsvika og på Sandsøya vert lagt ned:

Har ikkje gitt opp kampen for to øyskular i Sande

Lokalpolitikar Marion Bringsvor (Frp) trur ikkje kampen er tapt om å behalde skular både på Sandsøya og Kvamsøya.