Vil ha kalenderinnsyn:

Redaktøren i Sunnmøringen har klaga inn Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad

Redaktøren i lokalavisa Sunnmøringen, har klaga inn Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til Fylkesmannen.

Gir seg ikkje: Renate Furre Henriksen-Sandvær inntok redaktørstolen ved årskiftet 2017/2018. Innsyn og offentlegheit har vorte ein kampsak for ho.  Foto: Terje Engås (arkivbilde)

Nyheter

Personar som får møte ein ordførar, får sjansen til å påverke den mektigaste politikaren i den aktuelle kommunen. Ordføraren sin kalender er dermed interessant informasjon for pressa og allmenheita. Sunnmøringen ved redaktør Renate Furre Henriksen-Sandvær har no venta over ein månad på å få kalenderinnsynet ho har bedt om.