Leiar:

Strengare krav må til for å styre unna gjeldsfella

Vi lever høgt på lånte pengar. For dei aller fleste går det greitt så lenge vi har jobb og stabile inntekter. Den høge gjeldsgraden er likevel farleg, både for den enkelte og for norsk økonomi. Begge blir stadig meir sårbare.

Sårbart: Veksten i forbrukslån er farleg høg. Det set mange enkeltpersonar i ein svært sårbar situasjon, men også bankar og norsk økonomi kan gå på ein smell.  Foto: Staale Wattø

For svært mange er dette lån på toppen av ei allereie høg bustadgjeld

Nyheter

Difor er det naudsynt å ta styring, og det minste ein må krevje er at eksisterande krav blir etterlevd. Når meir enn kvart tredje forbrukslån som vart innvilga i siste kvartal i fjor bryt med retningslinene som er gitt, må bremsene på.

Nordmenn har til saman 108 milliardar kroner i forbruksgjeld, altså lån som ikkje er sikra med pant. Dei siste åra har veksten i denne type lån vore betydeleg høgre enn den samla gjeldsveksten til hushaldningane. For svært mange er dette lån på toppen av ei allereie høg bustadgjeld.

Finanstilsynet har no sendt på høyring eit nytt utkast til forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån. Dette kjem berre litt over eitt år etter at tilsynet fastsette nye retningsliner. Problemet er at fleire i marknaden for forbrukslån ikkje etterlever desse, særleg når det gjeld avdrag og løpetid.

For finansføretaka fører dette til skeiv konkurranse. For mange lånekundar fører det til at dei endar opp med langt meir og dyrare lån enn økonomien har godt av. For norsk økonomi betyr dette større sårbarheit i økonomiske nedgangstider eller fall i bustadprisane.

Difor er det heilt naudsynt å stramme grepet, slik det vart gjort med bustadlånforskrifta i fjor. Vi må ha ein velfungerande kredittmarknad med like konkurransevilkår, men som også set forbrukarvernet og omsynet til nasjonaløkonomien høgt. Strengare regulering er heilt på sin plass.

Då marknaden for bustadlån vart strengare regulert etter innstramming i bustadlånforskrifta i fjor, gjorde det sitt til å kjøle bustadmarknaden. Hushaldningane si gjeld veks ikkje lenger like bratt, og er meir i takt med inntektsutviklinga.

Dei nye krava til forbrukslån vil på same vis avgrense kor mykje slike lån hushaldningane kan ta opp. Dette er heilt naudsynt. Det er meiningslaust å ha eit tak på kor stor bustadgjeld du kan ha i høve inntekt, når du i praksis kan låne deg langt over pipa med forbrukslån på toppen av dette.