Ni vil bli ny rådmann i Sande

Fire kvinner og fem menn har søkt på stillinga som rådmann i Sande, melder kommunen på nettsida si.

NY: Sande kommune får ny rådmann. Arkivfoto: Knut Arne Aarset 

Nyheter

Sande kommune har fått ni søkjarar til stillinga som rådmann. Fleire av søkjarane har i dag ulike leiarjobbar i andre kommunar i regionen.

Desse har søkt jobben: Silja Øvrelid, (27) leiar for plan, byggesak og geodata, Hareid, Trude Kristin Dalen (55) personalleiar, Ulsteinvik, Trond Arne Aglen, (47), leiar stab for virksomhetsstyring, Ulsteinvik, Kai-Rune Bjørke, (45), kommunalsjef, Ørsta, Andrea Fivelstad, (55), økonomisjef, Ørsta, Olav Fure, (54), bussjåfør, Volda, Hassam Zameer (28), student, Stavanger, Ingvild Nergård Hattrem, (38), jobbsøkjar, Ålesund, og Thorbjorn Gaarder (63), Chief Credit Officer, Oslo.


Berga Sande-skular med knappast mogleg fleirtal

Skulane i Gjerdsvika og på Sandsøya får halde fram – nesten som før.