Lettare å parkere på Fjellsætra

No blir det enklare å finne parkeringsplass for dei som skal på topptur til Auskjeret i Sykkylven, eller berre vil ta seg ein tur rundt Nysætervatnet.

LEDIG: – Velkomen til ny parkeringsplass ved Fausaskiftet på Fjellsætra. Det seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug i Sykkylven. 

Nyheter

– Her ved Fausaskiftet har Sykkylven kommune, med økonomisk støtte frå Miljødirektoratet, bygd ca. 60 parkeringsplassar på eit tre mål stort område, fortel ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp).

– Og blir det behov for fleire plassar, så har vi sikra oss ytterlegare to mål som kan byggast ut.


Ryddigare avfallshandtering på Fjellsætra

Hit skal alt hytteavfallet

Ingen vil ha store, stygge søppelcontainerar. No testar Årim og Sykkylven kommune ut heilt nye dunkar på Fjellsætra.


Drotninghaug fortel at det til tider har vore ein kaotisk parkeringssituasjon her ved Fausaskiftet, særleg på store utfartsdagar.

– Difor er det gledeleg at vi no kan tilby folk meir ordna forhold her, legg han til.

Parkeringsplassen kom på drygt ein million kroner. Då er også grunnkjøpet med i rekninga.

Arbeidet med å opparbeide området har Dags Maskin stått for, etter at firmaet vann ein anbodsrunde.

– Parkeringsplassen er no klar til bruk, det er berre å kome, seier Odd Jostein Drotninghaug, ordførar i Sykkylven.

Synderen var tjukk og god av meisboller og annet:

Familie fikk hytta rasert

Det var litt av et syn som møtte Tonje Kleiven Skjong og familien da de reiste opp på hytta torsdag. Noen hadde nemlig rasert hele hytta.