Melding om kraftig røyk frå lastebil – Eiksundtunnelen blei stengt

Politiet meldte i 08-tida tysdag morgon om kraftig røykutvikling frå ein lastebil i Eiksundtunnelen.

Svikt i turbo er ifølge sjåføren grunnen til at det begynte å ryke i tunnelen. 

Politi: Innsatsleder Geir Helge Ådneram i Møre og Romsdal politidistrikt.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Tunnelen blei stengt like etter klokka 08 tysdag morgon. Det var lange køar på staden. Tunnelen opna igjen 09.20 

Nyheter

Oppdatering: Berre 53 timar etter at tunnelen opna etter denne hendinga vart tunnelen stengt på nytt:


Påkjørsel i Eiksundtunnelen

Bare 53 timer etter at Eiksundtunnelen åpna etter å ha vært røyklagt, måtte tunnelen stenges igjen på grunn av ei trafikkulykke.

 

Statens vegvesen melde klokka 08.08 at tunnelen bar stengt grunna bilberging. Det var lange køar på staden.

Oppdatert klokka 08.20: Politiet melder at brannvesenet køyrer inn i tunnelen, og at dei ikkje observerer røyk:

– Muleg varmgang i bremser til eit større kjøretøy som kan være årsak til tidligare observerte røyk i området. Opning av tunnelen blir vurdert fortløpande, skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

I 08.30-tida melder politiet at brannvesenet har observert røyk i botn av tunnelen. Ein servicebil er på staden, det er vanskeleg å seie kor lenge tunnelen vil bli stengt, ifølgje politiet.

(Saka held fram etter biletet.)

I trøbbel: Lastebilsjåføren seier at problemer med turboen var årsak til røyktuviklingen som stengte Eiksundtunnelen tysdag morgon.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Klokka 08.51 blei ein tauebil sendt inn i tunnelen og frakte lastebilen ut av tunnelen på Ørsta-sida. Lastebilsjåføren var då allereie ute av tunnelen, i følge politiets innsatsleiar Geir Helge Ådneram.

Det er tydelig røyklukt i området, viftene i tunnelen er snudd slik at all røyk kan pumpes ut av tunnelen.

Klokka 09.20 var lastebilen ute og Eiksundtunnelen igjen open for trafikk.

– Turboen røyk på veg oppover

Lastebilsjåføren frå selskapet SRB Anleggstransport seier til Sunnmørsposten at årsaka til hendinga var at turboen på lastebilen røyk, i to tydingar, på veg oppover tunnelen, på veg mot Ørsta.

– Eg er vant til å køyre i tunnelar og heldt meg roleg. Det stoppa personar som tilbaud hjelp, men eg svara at hjelp var på veg, seier ho.

Sjåføren er glad for at brannvesenet kom raskt til staden. Ho blei sjølv frakta ut av tunnelen og kom uskadd frå episoden.

Lastebilen skulle lossast med asfalt frå ein båt, i Ørsta.