Ny bussterminal i Ørsta teken i bruk

Kvar dag er det 80 bussavgangar her, og 1500 passasjerar.

OPNING: Barnehagen Barnas Vel song, medan ordførar Stein Aam kutta snora og markerte at den nye bussterminalen i Ørsta er open.   Foto: TERJE ENGÅS

NY TERMINAL: Ørsta har fått ny bussterminal.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Onsdag vart den nye bussterminalen i Ørsta opna, med at ordførar Stein Aam (Sp) kutta snora og borna ved barnehagen Barnas Vel song «ein bussjåfør, ein bussjåfør ...»

– Då eg tok til som ordførar for tre år sidan stod dei ei rønne av eit bygg her. Eg tenkte at dette må det gjerast noko med, og no står den nye terminalen ferdig, sa Stein Aam – som takka Statens vegvesen, Møre og Romsdal Fylkeskommune og entreprenøren Aurvoll og Furesund for godt samarbeid.

Venterom med toalett

Det gamle terminalbygget er rive og området er bygd opp att på nytt. Ørsta kommune har investert i venterom med toalett.

Det er kome nytt grøntområde, benkar, leskur og sykkelparkering under tak. Vidare er det kome nye gatelys, køyremønsteret er endra, og det er nye parkeringsplassar.

Kyss og køyr

– Vi har også lagt til rette for at passasjerar trygt kan bli køyrt til og frå bussen ved å bygge ei såkalla «kyss og køyr»-lomme. Det er ei korttidsparkering for å ta avskjed eller ønskje velkomen, seier prosjektleiar Mats-André Lied i Statens vegvesen.