Ulstein-lensmannen fekk videobevis frå Convex Eiendom

Ein av dei to tjuvane som har herja i Ulstein, vart lett kjent att på video.

Mykje å gjere: Hans-Eirik Pettersen har vore lensmann i Ulstein og Hareid i ganske nøyaktig eit år. I haust har berre det å registrere alle innbrota vore ein stor jobb.  Foto: Linda Eikrem/Vikebladet Vestposten

Nyheter

Innbrotsbølga i Ulstein toppa seg mellom 20. oktober og 2. november. Mellom anna var det innbrot i eit bustadhus, i et kommunalt bygg, to biltjuveri og innbrot hos Convex Eiendom i Ulsteinvik.