Tvist om Ulstein Arena er løyst

Ulstein kommune og prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena har blitt samde i tvistesaka om honorarkrav og rådgjevarfeil.

Ulstein Arena åpnet i fjor og kan nå vinne en av Norges mest prestisjefyllte arkitekturpriser.  Foto: Per Eide studio

Nyheter

Det er Ulstein kommune som har sendt ut pressemelding om saka.

I februar i år vart kommunen stemna av gruppa som hadde ansvaret for detaljprosjekteringa og prosjektoppfølginga då Ulstein Arena vart bygd. Saka har no vore til mekling ved Sunnmøre Tingrett og partane har kome fram til eit forlik.

Vekker tillit

– Ulstein kommune er med dette forlikt med prosjekteringsgruppa. Vi er takksame for det gode samarbeidet med prosjekteringsgruppa som vi har hatt med gjennom heile byggeprosjektet, og meiner at det er tillitvekkande at prosjekteringsgruppa har vist god vilje til å finne løysingar i ein konfliktsituasjon, seier ordførar Knut Erik Engh i pressemeldinga.

Han viser til at Ulstein Arena har blitt eit særs vellukka tiltak for barn og unges livskvalitet, bulyst og tettstadutvikling i Ulstein.

– Dette vert understreka ved at bygget no har fått Statens pris for byggkvalitet, seier Engh.

Glad for at saka er løyst

– Ulstein Arena er eit prosjekt som har fått mykje positiv oppmerksomheit og omtale i media. Det har mellom anna ført til at den nasjonale Bylivkonferansen vart lagt til Ulsteinvik tidlegare i år, seier arkitekt Espen Pedersen, partner og fagleg leiar i Lund+Slaatto arkitekter samt styreleiar i prosjekteringsgruppa Next Level.

– Den pågåande tvisten med Ulstein kommune har likevel lagt ein dempar på gleda over suksessen med prosjektet. Vi er difor glad for at saka no er løyst, og at vi har oppnådd eit resultat som begge partar kan leve med, avsluttar Pedersen.


Byggepris til Ulstein Arena:

– Bygget gjør Ulsteinvik urbant

Ulstein Arena får Statens pris for byggkvalitet. – Bygget tilfører Ulsteinvik urbane kvaliteter, sier juryen.

 

Ulstein Arena får Statens pris for byggkvalitet

Var nominert sammen med studentboliger i Trondheim og Youngskvartalet - et forretningsbygg i Oslo.