– Høgskulen går godt

– Kva er sårbarheit? Og kva er berekraft? Det er ikkje definert.

  Foto: Janne-Marit Myklebust/Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt:) Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, fortel at det som kjem fram i NIFU-rapporten, ikkje er ukjent for høgskulen frå før.

– Dette er truleg den breiaste eksterne analysen av høgskulen vi har hatt nokon gong. Dette etter bestilling frå styret. Vi ønskjer å ha all informasjon samla i eitt dokument, slik at vi har eit godt grunnlag å jobbe ut frå, seier han.

Rapport om studietilbodet ved Høgskulen i Volda

– Sårbart for høgskulen å stå åleine

– Høgskulen i Volda har konkrete utfordringar når det gjeld berekraft; på institusjonsnivå, avdelingsnivå og innanfor delar av studieporteføljen.


Roppen fortel at rapporten vil vere gjenstand for diskusjon i dei komande styremøta.

– Rapporten seier ikkje at det er umogleg å halde fram åleine, eller at vi er nøydde til å slå oss saman. Vi kan vel seie det slik at dei her har gitt oss eit glas vatn med ein av to desiliter, så er det opp til oss å vurdere om glaset er halvfullt eller halvtomt.

Høgskulen i Volda er ein av få høgskular i landet som ikkje har fusjonert eller slått seg saman med andre.

– Vi står godt. Vi har fleire tilsette, fleire studentar, betre økonomi, og førebels er det ikkje krisestemning på nokon måte, forsikrar han.

Rekruttering av studentar går bra, held han fram, med over 4.000 studentar i tre av dei fire siste åra, og han viser også til at Volda som studiestad skårar høgt blant norske studentar.

– Vi har også 339 årsverk ved høgskulen, noko som er 12 fleire enn året før. 29 prosent er professorar, og 53 prosent er førstekompetente, eller med doktorgrad. Om det ikkje skulle skje noko dramatisk, som at eit studium ikkje får studentar, vil vi nok ikkje endre noko, verken denne, eller neste styreperiode. Men rapporten gir oss ein peikepinn framover, og vil vere eit nyttig verktøy for oss.

Denne saka sto først på trykk hos Møre-Nytt.