Fire nye kontrakter for Fjord1

Møre og Romsdal Fylkeskommune har innstilt Fjord1 ASA som vinnar av fire fylkesvegferjesamband på Indre Sunnmøre.
Nyheter

Dette er sambanda Stranda-Liabyga, Eidsdal-Linge, Sæbø-Leknes-Trandal og Hundeidvik-Festøya.

– Kontraktane har ein verdi på vel to milliardar kroner, seier Fjord1-direktør Dagfinn Neteland til Sunnmørsposten. Kontraktsperioden går heilt fram til desember 2033.

Dei to sambanda med mest trafikk er Stranda-Liabyga og Eidsdal-Linge. Det kjem eitt nybygg i kvart av desse sambanda. Elles blir det ombygging av eldre ferjer, fortel Neteland.

Klageperioden er 10 dagar. Signering kan dermed skje kort tid etter 19. november 2018 om det ikkje kjem inn klager frå andre som har søkt.