Stoppa av politiet i Stryn

Stoppa bilførar for ruskøyring laurdag.
Nyheter

Tidleg laurdag ettermiddag stoppa politiet ein mannleg bilførar i Stryn. Bakgrunnen er mistanke om køyring i påverka tilstand.

Det melder Vest politidistrikt laurdag 13.36.

Fjordingen skriv at mannen i 40-åra blei stoppa i ein promillekontroll mellom Stryn og Loen.

I alt 220 bilistar blei stoppa i kontrollen.