Ulstein er årets ungdomskommune

Ungdommens fylkesting har kåra Ulstein kommune til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal.

Vinnarar: Henrikke Antonsen (t.v.) og Erica Solhjem representerer Ulstein ungdomsråd.   Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

Rundt 80 ungdommar frå heile Møre og Romsdal er samla til ungdommens fylkesting, og fredag kåra dei årets ungdomskommune.

Utmerkinga gjekk til Ulstein kommune, som konkurrerte ut Surnadal, Skodje og Nesset.

Får 10.000 kroner

Prisen er eit diplom og 10.000 kroner som ungdomsrådet skal nytte til tiltak som vil gagne ungdom.

Ulstein kommune har utmerka seg med særskilte tiltak som ikkje berre gagnar ungdom, men heile lokalbefolkninga, ifølgje nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

 – Ulstein kommune har eit svært godt fungerande ungdomsråd som ofte blir tatt med under planlegging og tilrettelegging. Ungdomsrådet blir også lytta til av kommunepolitikarane, og er årleg i kommunestyret for å fremme sine saker, fortel Henrikke Antonsen og Erica Solhjem som representerer Ulstein kommune på tinget denne helga.

Utvikling av sentrum

Ungdommane har vore aktive medspelarar i diskusjonen om kommunereforma. Og dei arrangerte ein konferanse som samla 600 ungdommar

Dei har også engasjert seg i sentrumsutviklinga i Ulstein.

Godt å vekse opp

Det blir også trekt fra at ungdom i Ulstein har ei lang rekke forskjellige aktivitetar som dei kan delta på.

– Vi synes det er trygt og godt å vekse opp i Ulstein. Det er slik vi vil ha det, og saman skal vi gjere vårt for at Ulstein held fram å vere ein stad det er attraktivt og godt å vere ung innbyggar, seier Antonsen og Solhjem.



Byggepris til Ulstein Arena:

– Bygget gjør Ulsteinvik urbant

Ulstein Arena får Statens pris for byggkvalitet. – Bygget tilfører Ulsteinvik urbane kvaliteter, sier juryen.



Ulstein Arena får Statens pris for byggkvalitet

Var nominert sammen med studentboliger i Trondheim og Youngskvartalet - et forretningsbygg i Oslo.

 

Vil ha skriftlig eksamen før russetida

Ungdommens fylkesting vil ha på plass et prøveprosjekt med skriftlig eksamen før russetida.