Mista førarkort etter utforkøyring

Dei to i bilen kom uskadde frå utforkøyringa i Ørsta søndag ettermiddag – og forlet ulukkesstaden.

Trafikkulykke: Dei to som sat i bilen kom uskadde frå ulukka, men bilen fekk store skader.  Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt

Nyheter

Ein bil køyrde av vegen og inn i eit tre på Mosflata i Ørsta søndag ettermiddag.

Politiet melder om store skader på bilen, men førar og passasjer kom uskadde frå hendinga.

Begge forlet staden til fots, men blei fanga opp av politiet, melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Føraren var ikkje rusa, men politiet tok førarkortet frå vedkomande og melde forholdet.