Bruker 40 millionar for sikker straumforsyning:

Sikrar straumen med sjøkabel i fjorden

Mørenett legg for tida straumkabel i fjorden mellom Volda og Folkestad. For 40 millionar kroner skal straumforsyninga på sørsida sikrast.

Kabellegging: «Nautilus Maxi» er konstruert blant anna for større sjøkabeloppdrag, ifølgje Seløy undervannsservice si nettside. Her er arbeidet med sjøkabel over Voldsfjorden i gang.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Siste tida har eit spesielt fartøy vore i arbeid på Voldsfjorden.

– Mørenett jobbar med å forsterke forsyningstryggleiken i Volda. Som ein del av dette vert det mellom anna lagt sjøkabel frå Rotsetfjøra i Volda til Folkestad, fortel Rune Kiperberg, som er administrerande direktør i Mørenett.