Nye Volda kan få gigantgjeld på 2 milliardar

Fjordingen skreiv for kort tid sidan om dei krevjande gjeldsforholda i Volda.

Høg lånegjeld: Dersom budsjettet går gjennom, slik rådmann Rune Sjurgard har lagt det fram, vil Volda kunne sitje med ei gjeld på ca 1,5 milliardar innan få år. Med ytterlegare planlagde investeringar og renteauke vil gjelda til nye Volda krype opp mot 2 milliardar når ein tek med Hornindal si lånegjeld.  

Nyheter

(Fjordingen:) Det var i samband med folkemøtet i Honndalshallen, om kommunesamanslåinga, at rådmann i Volda, Rune Sjurgard, sjølv bragte på bane den høge lånegjelda til kommunen. Like fullt vert det lagt opp til store investeringar dei komande åra.