Opnar vinterstengt veg mellom Geiranger og Langvatn

Etter fleire skred blei fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langvatn for to veker sidan stengt for vinteren. Tysdag blir vegen opna igjen.

VEG: Strekninga Geiranger-Langvatn på Strynefjellet er som oftast stengd i vinterhalvåret. 

Nyheter

Det melde Vegtrafikksentralen i ei trafikkmelding tysdag klokka 14.32. Vegen opnar klokka 15.

Avgjerda er tatt på bakgrunn av det fine været som har vore i det siste og gode vêrmeldingar framover, heiter det i meldinga frå Vegvesenet. Dei to snøskreda som førte til at vegen vart stengt sist er no rydda.

Vinterstengt på Geiranger - Langvatn

Var stengt etter snøskred tidlegare i veka, no er vegen vinterstengt.


Sjølv om det er gode vêrutsikter no, så kan det endre raskt. Om det kjem mykje snø og vind i fjellet vil vegen bli endeleg stengt for vinteren, skriv dei.

- Med prognosane vi har no synes vi det er verdt å prøve. Vi kan ikkje gi garantiar for kor lenge vegen vil vere open. Om det ikkje let seg gjere å halde vegen open med brøytebil og god tryggleik for trafikantar og arbeidsfolk, så må vi stenge for vinteren, seier byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Fylkesveg 63:

Stenger Geiranger – Langvatn grunna dårleg vêr

Fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langvatn stenges på nytt grunna usikre vêrførehald.