Skal bruke 250.000 kroner på å finne ny rådmann

Ulstein kommune skal bruke 250.000 kroner på å finne erstattar for Einar Vik Arset.

Ny: Ulstein kommune treng ny rådmann. Arkiv.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Ulstein kommune har henta inn tilbod frå tre selskap for å få hjelp til å rekruttere ny rådmann. Ordførar Knut Erik Engh (Frp) rår til at ein vel MercuriUrval som leverandør.

Han rår også til at assisterande rådmann Verner Larsen blir konstituert i stillinga som rådmann frå 1. februar 2019 og fram til ny rådmann er tilsett.