– Galskap å halde fram med Nordøyvegen

– Det vil vere galskap å gå vidare med Nordøyvegen slik prosjektet ligg føre no. Og med Nye Ålesund vil jo dette vere meir eit kommunalt prosjekt enn eit fylkeskommunalt prosjekt.

GALSKAP: Ordførar Jørgen Amdam i Volda meiner det vil vere galskap å byggje Nordøyvegen med dei siste tala som ligg føre.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

(morenytt.no )Det seier ordførar Jørgen Amdam i Volda. Han er mest oppgjeven etter at det måndag kom fram at prislappen for den planlagde Nordøyvegen vert endå høgare. I alle fall slik fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ser det.