Valderøy:

Brannutrykking etter røykutvikling på skule

Politi og brannvesen rykka ut til Valderøy ungdomsskule torsdag morgon etter at brannalarmen blei utløyst.
Nyheter

Det melde Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter klokka 10.08.

Politiet skriv at det har vore ein del røyk på staden, men at dei har kontroll på situasjonen.

Årsaka til røykutviklinga kan ha vore at ein termostat har tatt fyr, ifølgje politiet.

Møre og Romsdal 110-distrikt melde at Giske brannvesen var på staden i 09.30-tida torsdag morgon.