Har lyst ut etter tilbod på tunnelarbeid til Geiranger

Statens vegvesen bedt om tilbod på førebuande arbeider for tunnel på fylkesveg 63 til Geiranger.

Til Geiranger: Illustrasjon som viser kvar tunnelen på fylkesveg 63 skal gå. 

Synfaring: Bilete tatt på tilbodsbefaringa forarbeid til tunnelen mellom Korsmyra og Indreeide. 

Nyheter

Forskjeringane er førebuande arbeid for ein tryggare veg til Geiranger. Arbeidet består i å fjerne massar og sprenge fjell ved tunnelinnslaga. Det skriv Statens vegvesenet i ei pressemelding torsdag morgon. Prosjektet er i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tunnelen på fylkesveg 63 er planlagt å bli 4,8 kilometer lang og går frå Indreeide i Eidsdal til Korsmyra som ligg like før Ørnesvingane ned til Geiranger.

Indreeide - Korsmyra

Rassikring vedtatt for fjerde gang

Rassikringen av den viktige vegen mot Geiranger skal starte vedtok fylkesutvalget. Og sendte saken til fylkestinget for fjerde gang.


Vegen er einaste tilkomstveg til Geiranger på vinteren og er ofte stengt grunna snøskred eller fare for snøskred. Tunnelen skal gjere strekninga trygg. Ifølgje pressemeldinga er tunnelen det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet på fylkesvegane i Møre og Romsdal. Arbeidet med tunnelen er planlagt hausten 2019, med ferdigstilling hausten 2022.

Frist for å levere tilbod er 29. november. Konkurransen kan avlysast viss fylkestinget ikkje vedtek finansiering av prosjektet.

Full vinter – skift dekk

Sommardekk og snøføre passar dårleg saman. Det fekk fleire bilistar på strekninga Geiranger-Eidsdal merke måndag.