Stranda:

To bilar i trafikkulukke

Påkøyrsel bakfrå i Stranda fredag kveld.
Nyheter

Klokka 22.25 fredag rykka Stranda brannvesen ut etter melding om eit trafikkuhell i Stranda.

To bilar var involvert i det som skal ha vore ein påkøyrsel bakfrå.

- Brannvesenet har sikra bilane, tatt straumen og driv nå opprydning i vegbana, skriv Møre og Romsdal 110-sentral på Twitter klokka 22.57.