Rykka ut på pipebrann i Ørsta

Politi og brannvesen rykka ut til eit branntilløp i Ørsta sentrum søndag kveld.
Nyheter

Møre og Romsdal politidistrikt melde på Twitter om branntilløpet klokka 20.12 søndag. Møre og Romsdal 110-sentral melde at Ørsta brannvesen hadde rykka ut på det dei karakteriserte som ein «sotbrann».

I 20.30-tida melde politiet at brannvesenet hadde kontroll på brannen, dei hadde også kontroll på alle bebuarane på staden. Det er ikkje meld om personskade.

Utlufting pågår, heiter det i meldinga frå politiet, og brannvesenet melder at brannen er sløkt, temperaturen er på veg ned og det har ikkje vore røykspreiing til bustad.

Som følgje av eit fyringsforbod opprettar politiet sak etter hendinga.