Stryn: Skal ha angripe vakter ved utestad

Mann sendt heim av politiet. Det blir oppretta sak for ordensuroing.
Nyheter

Ved 01-tida natt til søndag kom det melding frå ein utestad i Stryn om at ein mann hadde gått til anprep på to vakter. Politiet var på staden og fekk kontroll på vedkommande, og han vart etter kvart sendt heim, vurdert til å klare å ta vare på seg sjølv.

- Patruljen opprettar sak på ordensuroing, heiter det frå Vest politidistrikt.