Volda: Krangling, knuffing - og soving ute i rus

Nyheter

Ei melding om krangling og knuffing ved ein bensinstasjon i Volda sentrum natt til søndag, resulterte i at det vart sendt politi dit.

- Politiet har kontroll på staden. Uvisst kva som er årsaken til bråket, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei Twitter-melding klokka 01.20. Fleire personar vart bortvist frå sentrum etter hendinga.

I Volda køyrde politiet også ein ung mann heim til føresette. Ifølgje ordensmakta var mannen full - og hadde sovna ute.