Kyrkja startar matinnsamling:

– Vi trur at viljen til å hjelpe er stor

Ulstein sokn har bestemt seg for å starte innsamling av mat, i samarbeid med daglegvarebutikkane og Nyekyrkjekarane.

STARTAR MATINNSAMLING: Sokneprest i Ulstein, Margit Lovise Holte, og diakon Ranveig Kaldhol håper mange vil gje mat og at mange har lyst til å ta imot ei matkasse til jul. Saman med Nyekyrkjekarane og daglegvarebutikkane startar Ulstein sokn prosjektet «Mat halle jula», der målet er at folk kan gje mat og pengar til dei som har lite.   Foto: Linda Eikrem, Vikebladet/Vestposten

Nyheter

(Vikebladet): Prosjektet har fått namnet «Mat halle jula», og målet er å hjelpe dei som treng litt ekstra til jul.

– Vi trur at viljen til å hjelpe er stor her i UIstein. Men det er kanskje vanskeleg å vite kva ein skal gjere for å hjelpe, så dette blir noko konkret, seier sokneprest Margit Lovise Holte.

Ho og diakon i Ulstein sokn, Ranveig Kaldhol, er glade for at Nyekyrkjekarane har teke på seg å organisere aksjonen.

– Vi veit at det er ein del menneske også her i vår kommune som slit økonomisk, menneske som ikkje greier å lage jul på den måten dei gjerne skulle ønske. Det gjeld både familiefolk og einslege, seier Kaldhol.

– Dei fleste har det nok slik at det går rundt i kvardagen, men nokre må velje mellom julegåver og julemiddag. Då kan dette bidra til at ein har julemat og kos, og så kan ein heller kjøpe gåve til borna sine, seier Holte.

Lang tradisjon

Ranveig Kaldhol og Margit Lovise Holte viser til at den kristne kyrkja alt frå starten av har vore oppteken av å hjelp.

– Vi har kjent på kontrasten mellom det å feire jul og glede samstundes som vi veit at mange slit. Og kvar jul har vi innsamling til Kirkens Nødhjelp, og då brukar det å kome inn mykje pengar, seier Kaldhol.

Pengane til Kirkens Nødhjelp går ut av kommunen, til store humanitære katastrofar.

– No fann vi ut at vi bør hjelpe også innanfor kommunen. Så no kan folk gje noko når dei handlar, fortel diakonen.

Alle er med

Alle dei seks daglegvarebutikkane i Ulstein skal vere med på prosjektet. I kvar butikk skal det i slutten av november setjast ut ei handlevogn.

– Der kan kundane legge varer oppi når dei handlar. Det går også an å gje pengar via Vipps, seier Margit Lovise Holte.

Butikkane har lovd å ta vare på varene, setje kjølevarer kaldt og halde frysevarer frosne, fram til julekorgene skal pakkast. Butikkane har også lovd å legge oppi varer dei ser manglar.

– Så skal vi lage til kasser som passar til husstandane som har meldt inn eit behov. Då skreddarsyr vi innhaldet til til dømes ein familie på seks, eit par eller ein einsleg, fortel diakonen og soknepresten.

Hjertevarmetelefonen

Holte og Kaldhol håper no både at mange vil gje mat og at mange har lyst til å ta imot ei slik matkasse.

– Vi veit at det er sårt i eit samfunn som Ulstein å vere den som slit. Difor er Margit og eg dei einaste som skal vite kven dette er. Vi har oppretta eit eige telefonnummer som berre vi to har tilgang til, fortel Kaldhol.

– Vi har kalla den Hjartevarmetelefonen, dit kan folk sende tekstmelding eller ringe. Nummeret er 94172728. Ranveig og eg vil så ta kontakt og kartlegge kva behov folk har. Vi håper at terskelen ikkje blir for høg, det skal ikkje vere slik at folk sit og svelt før dei tek kontakt, seier Holte.

– Og viss nokon veit om nokon dei trur kan ha behov for ei slik matkasse, må dei først avklare med vedkomande om det er ok å melde frå til oss. Dette tilbodet skal absolutt ikkje tvingast på nokon, seier Kaldhol.

Matkassene skal vere klare til utlevering siste veka før jul.

Måndag 17. desember kan folk hente på Fredheim, tysdag 18. desember vil soknepresten og diakonen levere på døra til dei som vil det.

Og onsdag 19. vil Nyekyrkjekarane køyre ut til dei som ønskjer det.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet/Vestposten