Regjeringsforhandlingene:

- Løyver 20 millioner til Stad skipstunnel

KrF har i budsjettforhandlingane med regjeringspartia Venstre, Høyre og Fremskrittspartiet vorte samde om å løyve 20 millionar kroner til oppstart av Stad skipstunnel.

Illustrasjon: Stad skipstunnel ved Kjøde.  Foto: Kystverket

Nyheter

Det opplyser ordførar Stein Robert Osdal (KrF) i Selje kommune i ei pressemelding tirsdag kveld.

”Flertallet viser til at det er enighet om å bevilge 20 millioner kroner til å sikre videre fremdrift i prosjekteringen av Stad skipstunnel.”

- Stad skipstunnel har livets rett. Dette prosjektet har norgesrekord i utredningar og det er vel dokumentert kor stor samfunnsnytte skipstunnelen har. Dagens vedtak er eit resultat av at eit samla næringsliv på Vestlandet støtta prosjektet og har vert eit unisont politisk trykk frå Vestlandet for å få dette igjennom. Eg er glad for at KrF tok den ballen og fekk igjennom ei god løysing med regjeringspartia i dag, seier Osdal.

- Men vi er ikkje i mål. Vi må sikre vidare framdrift på dette prosjektet. Prosjektet må gå som kystverket har planlagt med byggestart i 2021 og vi vil ikkje gje oss før det er hol i fjellet, legg han til.

Rolls-Royce-rapport viser kvar skipa seglar - kan spare store utslepp med skipstunnelen

Stad skipstunnel kan gi store kutt i drivstoff og utslepp frå skipstrafikken, ifølgje fersk rapport. Rapportskrivarane peiker på svakheiter i tidlegare undersøkingar og meiner det er grunn til å få klare tal på bordet.


- Kva skjer vidare?

No kan Kystverket kjøpe ut grunneigarar slik at dei får kompensert det dei har rettmessig krav på. Så vil Kystverket rigge til anbudsprosessen. Målet er byggestart i 2021. Nordøyvegen er eit eksempel på at vi ikkje kan gje oss før det er hol i fjellet, seier ordføraren til Sunnmørsposten.


Ser føre seg ruter med turistbåtar frå skipstunnelen: – Kan bli Nordvestlandet sitt svar på Lofoten

Stad skipstunnel kan vere ein døropnar for auka turisme til regionen trur Svein Gjelseth og Per Sævik, som ser føre seg ruter med utsleppsfrie turistbåtar innover i fjordane.