Holm fekk Sula kommunes kulturpris

Fagutvalet for kultur og folkehelse i Sula kommune bestemte tysdag å dele ut kulturprisen for 2018 til Trygve Holm. Avgjerda var samrøystes.

FOLKEEVENTYR: Trygve Holm kan igjen lokke med Bukkene Bruse og nytt troll under brua over Molværselva, for små og store som går Vonløypa på Sulafjellet. Både bukker og troll er helt nye etter at råteskader rammet eventyrfigurene som sto der tidligere.Området rundt er opparbeidet, med plass til sittebenker og etterhvert bålpanner. Snart blir det grillfest. FOTO: MONA SKJONG FOTO: MONA SKJONG 

Nyheter

Holm har ein rekke frivillige verv i kommunen. Han er leiar i Langevåg idrettslag, leiar for Fjelløpet Varden Opp og leiar for Vonløypa. Han har også vore initiativtakar for Sulanissen og Bukkene Bruse.

– Hans stå-på-vilje, ukuelege mot og innsats til fellesskapets beste, gjer Trygve Holm til ein verdig vinnar av Sula kommune sin kulturpris, skriv kommunen i grunngjevinga.

Holm blir tildelt prisen på kommunestyret i Sula 13. desember.