Direktør for Innovasjon Norge Møre og Romsdal:

Helge Gjerde blir direktør i Innovasjon Norge

Helge Gjerde frå Ulsteinvik er tilsett i stillinga og startar i jobben 1.januar.

NY DIREKTØR: Helge Gjerde frå Ulsteinvik skal jobbe i Innovasjon Norge frå og med 1.januar. 

Nyheter

Det melder Innvasjon Norge i ei pressemelding.

– Vi er veldig glad for at Helge er blitt ein del av vårt team i Møre og Romsdal, seier Per Niederbach, direktør for regioner og finansiering i Innovasjon Norge i pressemeldinga.

– Helge har lang leiarerfaring og eit breitt nettverk i sentrale deler av næringslivet, både i Møre og Romsdal og internasjonalt, seier han.

Gjerde kjem til å ha ansvaret for heile Møre og Romsdal vil jobbe frå begge dei to kontora til til Innovasjon Norge i fylket.

Gjerde er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i Bergen. Han har over 20 års erfaring frå maritime bransjar, og har sidan 2017 jobba som sjølvstendig konsulent.

Han har mellom anna hatt leiarstillingar i Ulsteingruppen og Rolls-Royce Marine.