Fleire hundre frivillige har meldt seg

- Det er klart vi må stille opp

"Heile" søre mobiliserer for å leite etter sakna Maya Justyna Herner (25).
Nyheter

Møre-Nytt: 72 frivillige og 92 personar frå Røde Kors møtte laurdag opp klokka ni for å melde seg til søk etter den sakna polske kvinna.

- Vi er overvelda over alle som har kome, seier Børulf Lefdal frå Ørsta Røde Kors.

Børulf Lefdal frå Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.  Foto: JANNE-MARIT MYKLEBUST, Møre-Nytt

Klokka 10 var det venta ei ny pulje med frivillige som skal søke i meir lågareliggande terreng.

Morten Lillenes frå Røde Kors Sørøyane, var ein av dei som kom for å delta i søket.

- Det er klart vi må stille opp. Røde Kors er eitt. Når nokon treng hjelp, så kjem vi.

Kø av frivillige. F  Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

Blant dei frivillige var Olve Øyehaug og Jan Frode Håskjold.

- Eg såg at dei trengde frivillige, og då er det berre å møte og bidra der eg kan. Det er utruleg å sjå alle som kjem, seier Øyehaug, kledd for ein dag i fjellet.

- Det skulle berre mangle at vi stiller, seier Jan Frode Håskjold.

Det var fredag kveld at Ørsta Røde Kors melde at dei ønskte frivillige til å vere med på eit finsøk.

- Vi var litt spente. Dette har vi ikkje gjort før. Men vi vil ha flest mogleg folk til å leite, seier korpsleiar Kristin Riise.

Og responsen let ikkje vente på seg.

Korpsleiar Kristin Riise og Børulf Lefdal frå Ørsta Røde Kors Hjelpekorps orienterer dei frivillige.   Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

Det har vore leita etter Maya sidan onsdag kveld, då ho vart meldt sakna etter ein fjelltur i området Skåla/Saudehornet.

Leiteaksjon etter Maya Justyna Herner i Ørsta:

Turgåarar meiner dei såg Maya

Skal ha sett den sakna polske kvinna i Ørsta på veg oppover fjellet, opplyser politiet.


Søket har så langt vore resultatlaust.

- Det har kome langt fleire enn vi venta. Det er imponerande å sjå, sa Lefdal til dei frammøtte i Røde Kors-huset.

Han gav klar beskjed til alle dei frivillige.

- Her er det snakk om finsøk. De skal vere 110 prosent sikre før de forlet eit område. De skal gå med maks tre meters avstand, formante han.

Lefdal fortel at det framleis er snakk om ein redningsaksjon.

- Men ver førebudde på ein annan utgang.

Politi har sperra av område: Ikkje gjort funn av nokon person

Mannskap på vakt brukar natta på å planlegge nye søk etter Maya Justyna Herner.

Finkjemma store område

Over 300 personar, av dei omtrent 260 frivillige, var laurdag ute og leita etter Maya Justyna Herner (25), som har vore sakna sidan onsdag kveld.


Saka blei først publisert i Møre-Nytt.