Finkjemma store område

Over 300 personar, av dei omtrent 260 frivillige, var laurdag ute og leita etter Maya Justyna Herner (25), som har vore sakna sidan onsdag kveld.

Finsøk: Frivillige leitar i terrenget etter Maya Justyna Herner som vart meldt sakna onsdag kveld, etter at ho ikkje kom tilbake frå fjelltur. Turmåleg var truleg Saudehornet, som her ruvar i bakgrunnen.   Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

Nyheter

- Vi har to lag som går opp til Skålaskaret. To lag skal gå vestfløyen ved Saudehornet. I tillegg har vi to hundepatruljar i området, fortel Børulf Lefdal i Ørsta Røde Kors.


Politiet etterlyste vitne - har fått kontakt

Vitnet som politiet ønska kontakt med, har meldt seg.

 

Dei bad om frivillige til å vere med å leite etter Maya, og omtrent 260 møtte opp. 100 av dei frå ulike hjelpekorps.

Sivilforsvaret er også med på aksjonen.

- Ein heilt utruleg respons, seier Lefdal.

- No har vi dei folka vi treng til å få undersøkt området.

I tillegg til dei som gjer finsøk i fjellet, vert det også gjort finsøk i skog og mark i foten av fjella som omkransar Skåla.

Små vatn vert undersøkt, og folk går manngard over markane.

Finsøk i terrenget ved Kanalvegen mot vassverket.  Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

 

- De skal vere 110 prosent sikker før de forlet eit område, formante Lefdal, før dei frivillige vart skyssa ut dørene.

Utanfor stod der bilar klare til å transportere dei opp i søkeområdet.

- Utruleg godt organisert, rosar ein av dei frivillige, i det ho set seg i bilen.

Det vert også søkt frå vassverket og oppover mot det tredje vasshuset.

Vidare går det horisontale søkekjeder ut frå vassverket.

Ved vassverket. Frivillige ventar på skyss vidare oppover mot Skåla.   Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

 

Politiet har få spor å gå etter i saka. Bilen til kvinna var parkert ved vassverket, men der er ikkje gjort nokre sikre vitneobservasjonar av henne. Ho vart meldt sakna då ho ikkje kom tilbake frå turen, som truleg gjekk mot Saudehornet.

Leiteaksjon etter Maya Justyna Herner i Ørsta:

Turgåarar meiner dei såg Maya

Skal ha sett den sakna polske kvinna i Ørsta på veg oppover fjellet, opplyser politiet.

Har du sett polske Maya Justyna Herner?

Søker etter Maya Justyna Herner – har vært savnet siden onsdag

Maya Justyna Herner fortsatt savnet etter det som trolig var en fjelltur.