Politi har sperra av område: Ikkje gjort funn av nokon person

Mannskap på vakt brukar natta på å planlegge nye søk etter Maya Justyna Herner.

Innsatsleiar: Tor Inge Remme slår fast at sjølv om politiet undersøker eit funn, er det ikkje snakk om kriminaletterforsking.  Foto: Martin Hauge-Nilsen

Nyheter

Fordi leitemannskap sjølv etter grundige finsøk ikkje har funne spor etter Maya Justina Herner (25), vekka det oppsikt då politiet sperra av eit område.

Innsatsleiar i politiet, Tor Inge Remme, vil ikkje gå ut med kva for funn politiet gjorde i den avsperra teigen, men han kan seie følgjande:

– Det er ingenting som knyt funnet til den sakna, men det må likevel undersøkast meir.

Kva er planane for i natt og morgon?

– Søket er no lagt stilt til i morgon tidleg klokka 08.00. Mannskap på vakt planlegg i natt, og leitemannskap får ete, tørka klede og kvilt.

Dette gjeld det generelle mannskapet. Politiet sende laurdag kveld inn hundepatruljar som søker i det avsperra området.

Operasjonssentralen bekreftar at det førebels ikkje er noko som tydar på den sakna kvinna er utsett for noko kriminelt.

Funnet treng altså ikkje å ha noko med forsvinninga å gjere.

Men, politiet vil ikkje ha folk i det avsperra området – fordi det må undersøkast.

Hundrevis melde seg til teneste

Opp mot 260 frivillege var med i søket etter den sakna 25-åringen laurdag.


Politiet etterlyste vitne - har fått kontakt

Vitnet som politiet ønska kontakt med, har meldt seg.

 

– Det er ikkje noko nytt å melde. Leiteaksjonen held fram for fullt fram til det blir mørkt. I dag har det vore oppi 260 frivillege og personar frå Røde Kors i aksjon. I tillegg til 44 frå Sivilforsvaret og fire hundeekvipasjar. Søket held fram så lenge det er lyst, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad til Sunnmørsposten klokka 14.15.

Sperra av område

NRK melde at politiet sperra av eit område i samband med leiteaksjonen.

– Det er ikkje gjort funn av nokon person. Vi har sperra av eit område som er litt meir interessant enn andre, slik at vi får fred til å gjennomføre nokre undersøkingar, sa operasjonsleiaren.

– Kva er det som gjer dette området meir interessant?

– Det kan eg ikkje gå inn på no, seier Ferstad.

Ifølgje Møre-Nytt er det eit område ikkje så langt frå gapahuken i Skåla som er sperra av.

– i den fasen vi er i no, er alt interessant, seier innsatsleiar Stian Meek til Møre-Nytt.


Finkjemma store område

Over 300 personar, av dei omtrent 260 frivillige, var laurdag ute og leita etter Maya Justyna Herner (25), som har vore sakna sidan onsdag kveld.

 

Fleire hundre frivillige har meldt seg

- Det er klart vi må stille opp

"Heile" søre mobiliserer for å leite etter sakna Maya Justyna Herner (25).


Mannskapet gjekk laurdag over frå grovsøk til finsøk, også kjent som manngard.

– Det betyr at ein går mykje grundegare til verks. Eit finsøk er mykje grundigare enn grovsøk, seier Ferstad.

Ein søker i eit stort område ved stien og heile vegen opp mot Saudehornet og Skåla.

– Etter kvart som det blir mørkt vil dei øvste søka trekke nedover.

– Har de mistanke om noko kriminelt?

– Vi held alle moglegheiter opne sånn sett. Vi held framleis på med ein redningsaksjon. Det er ikkje noko som går i ein spesiell retning der, seier operasjonsleiaren.

Det var onsdag kveld at det blei sett i gong ein stor leiteaksjon etter Maya Justyna Herner, som skal ha lagt ut på tur mot Saudehornet i Ørsta. Ho har langt brunt hår, og var iført svart tights og ullgenser av ukjend farge då ho forsvann.

Torsdag kveld avhøyrde politiet vitne, og turgåarar skal ha gjort observasjonar av kvinna i nedre del av fjellet Saudehornet.

Den sakna kvinna kjem frå Polen, og har ikkje bodd i Ørsta i lang tid. Politiet er difor usikre på kor godt kjend ho er i området.

Maya Justyna Herner fortsatt savnet

Politiet starter finsøk i fjellet

Leiteaksjonen i Ørsta etter 25 år gamle Maya Justyna Herner fortsetter med full styrke.