Leiteaksjonen i Ørsta: Skal ta bilde i fjellet - etterlyser foto frå publikum

Eit politihelikopter deltek i søket etter ei sakna kvinne og politiet etterlyser foto frå publikum.

Ørsta: Politihelikopter frå Oslo på plass i Ørsta for å vere med å søket etter ein sakna 25-årig kvinne.   Foto: Politiet

Nyheter

25 år gamle Maya Justina Herner har vore sakna sidan onsdag, då ho skal ha gått tur til Saudehornet ovanfor Ørsta sentrum.

Ber om hjelp frå publikum

Søndag gjekk politiet ut og bad om foto og film frå publikum teke onsdag. Årsaka er at dei vil kartlegge kven som har vore i området under og rundt Saudehornet og Skåla denne dagen.

For å hjelpe seg er det oppretta ei eiga side på Kripos sine heimesider, der ein kan melde inn tips. Politiet vil ha film og foto teke frå 12-tida onsdag og fram til det vart mørkt.

– Kanskje har ikkje du sett noko, men kanskje har andre sett deg, forklarar innsatsleiar Stian Meek i ei pressemelding frå politiet i Møre og Romsdal.

Politihelikopter tek også bilde

Søndag kom eit politihelikopter til Sunnmøre for å hjelpe til i søket. Oppdraget til mannskapa på politihelikopteret vert i første rekke å fotografere for å få bilde med høg oppløysning av dei meir utilgjengelege partia i fjellet.

– Det er gode høve for slik fotografering i ettermiddag. Det som politihelikopteret får samla inn vil vere til hjelp for å vurdere blant anna bruken av den alpin redningstenesta vidare, skriv kommunikasjonsrådgjevar Eli Anne Tvergrov ved Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding søndag.

(saka held fram under)

Kvinne (25) sakna i Ørsta:

Trur ikkje funn har noko å gjere med den sakna - gjer nye søk i dag

Leitemannskap held fram med finsøk etter sakna polsk kvinne søndag. Politiet har ingen haldepunkt for å seie at funn gjort laurdag, har tilknyting til den sakna.


Framleis ein leiteaksjon

Nærare 300 personar deltek søndag i nye søk etter den sakna. Om det ikkje vert gjort funn i løpet av dagen, vil det gjerast ei ny vurdering tidleg måndag om korleis ein skal jobbe vidare.

Politiet påpeiker at dei framleis handtererer dette som ein leiteaksjon, og ikkje ei kriminalsak.

Eit funn gjort laurdag har truleg ikkje noko med den sakna å gjere, opplyser politiet til Sunnmørsposten.