Granskar fleire tusen bilde i søket etter Maja

Politiet kan ha eit nitid arbeide framføre seg i søket etter den sakna Maja  Justyna Herner (25).

Studerer fjellsida: Bilde med høg oppløysing teke frå politihelikopteret vert granska av etterforskarar. Til høgre er det zooma inn på ein skugge det typisk kan vere grunn til å undersøke nærare.  Foto: Politiet

Nyheter

Måndag har det ikkje vore aktive søk i terrenget etter den polske kvinna, som vart meldt sakna onsdag i førre veke.

Etter at aksjonen gjekk over frå å vere ein redningsaksjon, til å vere søk etter det politiet trur er ein omkomen person, har dei nytta dagen til å gå gjennom materialet i saka so langt.

Ser på bilde for bilde

Mellom anna jobbar ei gruppe med etterforskarar i Ålesund med å gå gjennom fleire enn 2600 fotografi av fjellet, som er tekne frå politihelikopteret.

– Vi kan ikkje tidfeste når analysane av dette omfattande materialet er klare, men heilt ut frå start av leitinga har vi brukt dette fortløpande for å planlegge søka, heiter det i ei pressemelding sendt ut måndag ettermiddag.

(saka held fram under) 

Søket etter savnet kvinne (25) i Ørsta fortsetter

Politiet fortsetter mandag søket etter den 25 år gamle polske kvinnen som har vært savnet i fem dager. Politiet tror kvinnen er død.

 

Pressekonferanse søndag kveld:

Alt tyder på at Maya har vore i fjellet

Politiet har gode spor som tyder på at den sakna Maya Herner har vore i fjellet.

Avsluttar redningsaksjonen, men leitinga held fram

Søket etter den sakna Maya Justyna Herner har framleis ikkje resultert i noko funn søndag kveld.


Siste sikre observasjon

Samstundes som det har vore gjort omfattande søkt etter kvinna i det populære turområde i Ørsta, har politiet samla mest mogleg informasjon om den sakna og kor ho var den dagen ho forsvann.

Den siste sikre observasjonen er frå eit overvakingskamera frå ein matbutikk i Ørsta klokka 12.35.

Fann bilen

Mellom klokka 13.00 og 13.30 har ho opplyst til fleire uavhengige vitne at ho er i ferd med å ta ein tur på fjellet, utan at ho ga uttrykk for turmålet. Ho ga utrykk for at ho ville være vekk i rundt to timar.

Bilen ho disponerte, ein grå Toyota RAV, vart funne ved turvegen opp til Skåla. Denne vegen fører opp til turmål som Nivane, Vallahornet og Saudehornet, der politiet veit at den sakna nokre dagar tidlegare hadde vore på tur.

Ønskjer kontakt med vitne

Politiet vil framleis komme i kontakt med alle som har vore i området under fjellet Saudehornet etter klokka 12 denne onsdagen. Spesielt ønskjer dei å tilgang til film og bilde eventuelle vitne kan ha frå denne dagen.

For å hjelpe seg er det oppretta ei eiga side på Kripos sine heimesider, der ein kan melde inn tips.