Familien takksame for innsatsen:

Har søkt på kryss og tvers i heile fjellet etter Maja

I ein av dei største leiteaksjonane i distriktet på fleire år, vart store fjellområde i Ørsta finsøkt på jakt etter spor av den sakna Maja Herner. Utan resultat.

Oversiktskart: Leiar Kristin Riise i Ørsta Røde Kors har hatt hektiske dagar og fortel at det nokre gonger kan vere vanskeleg å skilje dagane. Søket etter 25 år gamle Maja Herner er ein av dei større leiteaksjonane på fleire år i distriktet. To ringar på kartet tek utgangspunkt i bilen som den sakna kvinna køyrde.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Ved parkeringsplassen som truleg var utgangspunktet for turen til den sakna Maja Herner, møter Sunnmørsposten Tore Rune Smelvær. Han bur i nærleiken og går tur med hunden. I dag er det stille på staden og få bilar.

– Det er forferdeleg trist at dei ikkje har funne ho. Men det er også utruleg etter den innsatsen som er lagt ned, seier han.