Politiet kan ikkje seie sikkert at den sakna har gått tur i fjellet

Politiet har få sikre spor etter Maja Herner som er sakna i Ørsta. Måndag gjekk dei gjennom saka på nytt - og etterforskar samstundes saka breitt.

Søkeområdet: Frå sentrum ser ein opp på Saudehornet som her er skjult i tåke. Politiet har ikkje noko haldepunkt for å seie at den sakna kvinna er utsett for noko kriminelt.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Måndag var det ikkje aktive søk i terrenget etter polske Maja Herner, som vart meldt sakna onsdag i førre veke. Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad fortel at dei i tillegg til å gå gjennom søka på nytt – etterforskar saka breitt.