Debattinnlegg:

«Nordøyvegen, det einaste fornuftige i all galskapen»

Samferdsel.

Øysamfunn: Skal Nordøyane få fast samband til fastlandet, eller må dei klare seg med ferje. Nye Ålesund Ap reagerer sterkt på at partifeller i Romsdal meiner det siste.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

På Sunnmøre bur om lag 145.000 menneske. Menneska her har i stor grad busett seg rundt Ålesund og omlandet, men både på søre Sunnmøre, innover i fjordane og litt lengre nord for byen har det blomstra med både næringsliv, fiskeri, møbelindustri, skipsbygging og nisjane er mange.

Eit heilt cluster av ei maritim næring gjer at vi har heile verda på trappene våre når vi opnar kontordørene om morgonen og må svare på meldingar frå heile verda. Grunderverksemd har ført sunnmøringen omtrent til verdas ende og tilbake, og vi er så stolte av regionen vi bur i, og ikkje minst av sunnmøringane sjølve.

Vi er ein viktig del av Møre og Romsdal fylke. I vår del av landet må vi ha trua på heile regionen vi bor i. Det er slik vi kan overleve. Med dei utfordringane fylket vårt står overfor med nedgang i folketalet, fråflytting, svekka attraktivitet og stort behov for kompetanse i arbeidslivet – treng vi å stå saman. Bli sterke i lag.

Nordøyvegen let seg ikkje realisere utan fylkeskommunens medverknad. Det handlar om å bruke den største muskelen til å kunne gjennomføre slike krafttak som vil gi vidare utvikling. Det som er bra for Ålesund kommune er bra for heile Møre og Romsdal fylke.

Vi har ønsker for framtida. Vi har ønske om å kunne tilby arbeidsplassar, skular, gode lokalmiljø til borna våre. Vi vil vere ein universitetsby. Vi ønsker å lokke til oss kompetanse, unge som har flytta ut vil vi veldig gjerne ha tilbake, og vi ønsker å vere med og sikre vekst for regionen som allereie utmerker seg globalt som leiande innan maritim næring.

Vi bryr oss om borna våre. Vi har omsorg for våre eldre og sjuke og vil gje desse gode tenester. Vi vil at frivillige lag og organisasjonar skal kunne vekse og gjere kommunane våre til attraktive stader for folk å busette seg i. Vi ønsker utvikling, vi ønsker vekst. Vi ønsker gode tilbod i den vidaregåande skulen. Vi vil ha sjukehus med kompetanse på høgde med det beste i landet. Vi vil ha byutvikling, vi vil bygge ei fantastisk nye storkommune, i lag med innbyggjarane våre.

Vi bryr oss om innbyggjarane våre like mykje som andre gjer! Og kvifor skulle vi ikkje det?

At enkelte kan så tvil om dette, og i så klare ordelag skulde oss som ønsker å byggje Nordøyvegen for å vere så totalt uansvarlege, at vi sette både våre eigne og andre si framtid på spel – ja det er alvorleg.

I Romsdals Budstikke skriv Egil Ekhaugen og andre representantar frå Hustadvika Arbeidarparti at Nordøyvegen er galskap frå ende til annan. Representantar som ikkje har vore ein del av prosessen på fylkestinget. Er det desse som skal vere meiningsberarar i ei så viktig sak?

Å gå ut og skulde politikarkollegaer frå mange parti, inkludert sitt eige, som i mange, mange år har fatta samstemte vedtak for å få framgang i eit sårt tiltrengt vegprosjekt, får meg til å undrast. Kva er motivasjonen for dette? Og å skulde Deloitte for å vere useriøse? Kor useriøst er ikkje det?

På sikt vil ein med Nordøyvegen spare inn meir enn 600 millionar over 40 år. Som fylket kan bruke til andre ting. Med bygging av vegen vil samfunnsgevinsten bli enorm for den nye kommunen og næringslivet. Og ikkje minst for innbyggjarane våre. Det er for dei vi står på, og det er for dei vil byggje vegen.

Om det skulle vere nokon tvil i det heile – vi ønsker ikkje å ofre ein einaste skule eller tannlege på Nordøyvegens alter. Tvert i mot så ønsker vi vekst. Vi ønsker at vedtaket om å byggje Nordøyvegen skal skje som resultat av ein grundig prosess. Vi har tiltru til dei som har sett seg grundig inn i utfordringane og som likevel ser løysingar.

Det er mange som har skrive om rekneskapen allereie, men vi kan godt ta det ein gong til:

• Mva-refusjon 945 millionar, øyremerka Nordøyvegen

• Bompengar i 20 år, øyremerka Nordøyvegen

• Tilskot frå IP-huse 15 millionar, øyremerka Nordøyvegen

• Kommunale tilskot 360 mill., øyremerka Nordøyvegen

• RDA midlar 312 mill., øyremerka Nordøyvegen

• Rentekompensasjonsmidler 158 millionar, øyremerka Nordøyvegen

• Ferjeavløsningsmidler 2.865 mrd. til vidare ferjedrift eller til Nordøyvegen, øyremerka Nordøyvegen

Ingen av desse midlane kan brukast til anna enn Nordøyvegen. Anten ein vil eller ikkje. Nordøyvegen må byggjast. Det er no eller aldri.