Brør ankar ikkje sak om millionarv

Organisasjonar som jobbar for barn og unge arvar 15 millionar kroner etter ein mann som døde for ei tid tilbake. Det er klart etter at brørne til mannen tapte rettssaka og no har bestemt seg for ikkje å anke.

Rettssak: Rettsaka var oppe i tingretten i oktober.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Søre Sunnmøre tingrett meiner at det usignerte testamentet som ein mann let etter seg før han døde, skal leggast til grunn for skiftet av dødsbuet. Dommen er no rettskraftig.

Dei to brørne tapte saka i Søre Sunnmøre tingrett og har bestemt seg for ikkje å anke dommen, ifølgje advokatane deira, Jørund Knardal og Axel Lange.