Kommunepolitikar melder seg ut av KrF

KrF-politikar Erlend Krumsvik blir frå nyttår uavhengig medlem i kommunestyret i Volda.

Ut: Erlend Krumsvik går ut av KrF og inn i Partiet De Kristne. Arkiv  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Erlend Krumsvik er inne i sin andre periode som KrF-representant i kommunestyret i Volda, men som Sunnmørsposten skreiv tysdag, står han på fylkestingslista til Partiet De Kristne (PDK) ved neste val.

– Eg går ut av KrF ved nyttår og vil melde meg som uavhengig representant på første kommunestyremøte på nyåret, seier Krumsvik.