Folket på Giske får tryggare skuleveg

I fleire år har folket på Giske kjempa for å få ein betre skuleveg. No er bygginga av den nye Skulevegen vedteken.

Smal veg: Dagens veg til skulen på Giske - Skulevegen, har ikkje fortau og er på det smalaste 2,5 meter. – Når bilane kjem, er det mest ikkje plass til å gå, fortalte Sissel Arhaug Basso (bak t.v.) til Sunnmørsposten i 2016. Ho har kjempa for tryggare veg på øya i fleire år, og det same har Giske nærmiljøutval gjort, der Monika Vartdal Giske (bak t.h.) er leiar. Her saman med eit knippe ungar frå øya, f.v.; Hanna Marie Giske, Albana Elise Emini (bak), Helle Mathea Giske, Linnea Sjursen (bak) og Embla Emini.  Foto: Foto: Nikolas B. Farstad

Nyheter

I kommunestyret 29. november blei det einstemming vedteken å byggje ein ny skuleveg på Giske. Vedtaket har blitt gjort før, men på grunn av utfordringar med myrområde, blei kostnadane høgre enn det som først var budsjettert.