Politiet ber om tips etter skadeverk på fleire bilar

Politiet fekk laurdag føremiddag melding om skadeverk på fleire bilar i Ulsteinvik.
Nyheter

Skadeverket skal ha skjedd i Osebergvegen i Ulsteinvik. Politiet rykka ut for å undersøke saka.

Det skreiv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding klokka 11.26.

Litt seinare skriv politiet at det er utøva skadeverk på til saman sju bilar. Politiet ber om tips i saka.