Studentparlamentsval:

Høgskulen i Volda med høgast valdeltaking

Lærarhøgskulen: Henrik Kaarstad-huset.   Foto: Knut Arne Aarset (arkivbilde)

Nyheter

Få deltar ved studentparlamentsval ved norske høgskular og universitet. Høgskulen i Volda skil seg likevel positivt ut: 20 prosent av studentane stemte. Det er best i landet så langt (ikkje alle resultat er klare). 20 prosent er ein liten nedgang frå 2017, då høgskulen oppnådde 21,7. Til samanlikning røysta berre 8,4 prosent av studentane ved NTNU. Målet var 30 prosent. Det skriv Khrono.


Høgskulen i Volda ber om stort møte med Volda kommune

Mediebygg og ny tunnel: Roppen vil ha den nye arealdelplanen grundig presentert.


Ved OsloMet deltok ein enda lågare del: 7,4 prosent, som var nedgang frå 12 prosent i 2017. Simen Langeland, leiar for studentparlamentet ved Høgskulen i Volda, seier følgjande til Khrono:

– Studentar treng ofte ei gulrot for å stemme. I vårt tilfelle køyrer vi konkurranse saman med valet og gir ut eit gåvekort på 500 kroner til ein tilfeldig valdeltakar.


– Høgskulen går godt

– Kva er sårbarheit? Og kva er berekraft? Det er ikkje definert.