Drikkevatnet må kokast

Drikkevasskjelda til Myklebust vassverk i Norddal kommune er forureina på grunn av skogsarbeid.

KOKEVARSEL: Vatnet frå Myklebust vassverk i Norddal må kokast. 

Nyheter

Det melder kommunen på heimesida si.

Dei legg til at det må gjerast tiltak for å utbetre dette. Vatnet er difor avstengt, og blir det utover dagen.

Norddal kommune legg til at det med umiddelbar verknad blir innført kokevarsel for alle abonnentar knytt til Myklebust vassverk som framleis har vatn i røra.