Nordøyvegen:

Er lova innsyn i fylkesrådmannens rekneark

Frank Sve skal til Molde for å hente ut fylkesrådmannens tabellar og utrekningar som ligg til grunn for Nordøyvegprosjektet

8-5 for Nordøyvegen i fylkesutvalet for ei veke sidan, og Frank Sve er godt fornøgd. No har Sve bede om innsyn i reknearka som ligg til grunn for fylkesadministrasjonen sine analysar om Nordøyvegen.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Måndag innrømma fylkesrådmannen ein reknefeil om Nordøyvegen. Truleg er det snakk om eit betydeleg beløp, utan at dette er slått fast. Korleis kunne ein slik feil skje? I haust har fleire fagmiljø påpeika reknefeilen, først Deloitte, så NTNU og deretter ein økonom ved Høgskolen i Molde.

Det som ikkje har vore kjend er at NTNU-økonom Edvard Devold også har prøvd å få ut bakgrunnsmateriale frå fylkesadministrasjonen. 26. november skreiv han dette til fylket: